Hippo Hekleoppskrift

No kan du hekle din eigen Hippo!

Fyll inn namn og e-post under, så sender eg deg ein link til oppskrifta.

Design

Marit K. Skjong

Marit har utvikla hekleoppskrifta. 

Marit kunne ikkje hekle sjølv når ho først fatta interesse for hekling, men ho brukte YouTube for å lære seg kunsten. Så god vart ho, at ho har gitt ut ei heil bok om hekling! ("Hekling for alle" heiter den, er diverre ikkje utgjeven på Knasteriet, men kan tilrådast allikevel.)

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Det viktigaste vi gjer er å stoppe ny plast frå å havne i havet. Kast difor alltid plastsøppel i avfallsdunken, og ikkje i naturen.

Fredrik Myhre, WWF Verdens naturfond

Opphavet

BOKA

Boka som starta det heile. Ina Giske har forfatta historia og Børge Sandnes har laga dei nydelege, fargerike illustrasjonane. 

Boka om sjøhesten Hippo kan du kjøpe på knasteriet.no. Ei bok for alle som er glad i havet!

Del gjerne resultatet med oss! Tag @knasteriet og @sjohesten_hippo, så kan vi dele vidare. Du kan også bruke emneknaggar som #sjøhestenhippo #hippoogplasten i havet #hipposuperteam

Lukke til!

.